Kristian fortel 5

«Straumen» kjem til Sønstabø 

Sønstabøgardane var seint ute med å få elektrisk straum samanlikna med dei fleste bygdene i Bremnes. Av den grunn har eg mange minne om skumringstimar i stova før parafinlampane vart tende. Eg likte den timen, særleg om vinteren når det var varme i vedomnen. Det var ikkje så mykje å finna på, men eg kunne sjå når mor eller farmor sat med strikketøyet eller anna arbeid som ikkje kravde godt lys, og det var slike stunder eg lærte dei første barnesongane, fekk høyra eventyr, eller vart prøvd i gåter. Gåtene kom frå farmor: «Kven er det som går og går og aldri kjem til døra»? Eller: «Hunden Meig åt deig. Kjerringa reiste seg frå døra, og Meig ut døra. Kva var namnet på hunden?» Eller den lengste historia ho visste der alle orda begynte med f: Frans Fransen fra Fredrikstad fisket forrige fredag, før Frierfjorden frøs, firehundreog- firogførti finfine fete flyndrer. Fransens flotte fiskefartøy førte fisken fram. Fredrikstadsfruene fant fisken fortreffelig. Ei anna regle gjekk slik: Det banker, sa Per Anker. Det er min kone, sa Per Lohne, Hva vil hun? sa Per Lund. Kjøpe løk, sa Per Høk. Hvor mange? sa Per Lange. En, to, tre, fire, sa Per Lire. Ikke fler, sa Per Leer. Det er nok! sa Per Kokk. 

Det var også tida då dei vaksne oftast tok meg på fanget, eller eg fekk stå så lenge eg ville bak ryggen til farmor i gyngestolen. Eg har få minne om far og farfar frå desse stundene. I lange tider var dei vekke på fiske, og når dei var heime, heldt dei kanskje på med arbeid ute. 

Det året eg fylte tre, vart oljelampane på Sønstabøgardane sette til sides. I samband med Finnås Kraftlags 60-årsjubileum vart det laga eit hefte der det står: Dei private lysverka var organisert anten som grendeverk, gardsverk eller bedriftsverk og var anten drivne med vasskraft eller med dieselmotorar. Slike kraftverk var små og ganske enkle med lågspenning likestraum. Alle verka på Bømlo hadde likestraum. Det var ikkje tillate med vekselstraum, for det kravde sakkunnig betjening. Det kom m.a. kontrollørar frå distrikt 4 i Bergen for å kontrollera dette. 

Lysverket i Sønstabøvågen var eit brukt dieselaggregat montert i eit nytt skur bygt nær huset til Sven i Vågen. Frå skuret gjekk det straumleidning som spreidde seg ut til alle husa på garden. Lysstolpane var uimpregnerte, grovt tilverka tømmerstokkar. Det var Sven som stod for drifta, mellom anna starta og stoppa motoren til faste klokkeslett eller når dagslyset vart for svakt om ettermiddagen. Midtsommars var det ikkje etter den tids mål behov for elektrisk lys. 

Eg kan ikkje hugsa at anlegget var i drift når dei vaksne skulle stå opp, sjølv om det vinterstid var bekmørkt på den tida av døgeret. Onsdagar klokka tre til fire om ettermiddagen kom straumen på slik at husmødrene kunne stryka tøy. Nye, blanke strykejarn erstatta dei svarte av heilt jarngods som måtte varmast på primus eller vedomn. Straumen vart også sett på dersom det var fødsel på gang nattetid. Det var mannen si oppgåve å vekkja Sven og henta jordmora. 

Aggregatet hadde ikkje kapasitet til å forsyna elektrisk oppvarming eller matlaging. Ettersom kvart hus hadde nokre få lyspærer og ein stikkontakt til strykejernet, var det ikkje nokon målar for forbruket. 

Eg er ikkje heilt sikker, men trur at lysverket kom i drift ein gong i 1947. I alle fall var det innlagt straum i gamlehuset vårt før det vart påbygt sommaren 1949. Eg har fått fortalt at då søskenbarn Marit vart fødd 12. januar 1948, var det eit forrykande uvêr med snøstorm. Onkel Johan måtte først vekkja Sven for å få gang på aggregatet før han gjekk til Sjøvoll for å få Martin Stavland til å køyra drosjen til jordmorhuset. Det viste seg at ho alt var ute i oppdrag, så drosjen måtte køyra til Kanalen for å henta finnåsjordmora. Drosjen kom fram til Nordtun, og derfrå måtte jordmora berast på gullstol gjennom snøfonnene ned til Haugen. 

Anlegget var i drift til 1952 då Finnås Kraftlag tok over straumleveransen, og me fekk vekselstraum. Eg veit ikkje kven som kjøpte dieselmotoren, men skuret, som var kledd med spon bunde saman med sement til porøse plater, vart flytta til Sørtun og tente i mange år som garasje for onkel Johan. 

Vekselstraumen tok garden eit langt steg inn i den moderne tida. I jubileumsheftet står det: Finnås Kraftlag vart skipa 23. mars 1945. I anleggstida var det eit tett samarbeid mellom SKL (Sunnhordland Kraftlag) og fordelingslaga. Men dei var ikkje jamstelte partar. I praksis var SKL overordna laga. SKL leia drifta og hadde og mykje å seia m.o.t. finansiering og administrasjon elles. NVE bestemte kven som skulle få statsstønad og skulle og godkjenna lån. Finnås Kraftlag sitt hovudarbeid dei to fyrste åra var å skaffa lokal kapital gjennom partteikning og dinest drive førebuande arbeid for linjebygging. Sjølve linjearbeidet tok til i 1948. Arbeidet var hardt, men gjekk relativt fort fram trass i mange vanskar. Problema var fyrst og fremst lang leveringstid på alt utstyr, lite utval og det var ofte av dårleg kvalitet. I tillegg var alt rasjonert. Alle vanskane førte til at arbeidet vart seinka, og Blåfalli stod ikkje ferdig før i 1953. For ikkje å stå utan straum og dermed inntekter, vart det inngått ein avtale mellom SKL og BKK om leveranse av straum i åra 1952-53. 

No var det familieøkonomien som sette grensa for kva tid det kunne kjøpast inn elektrisk komfyr, stråleomn, lysekrone, radio, og etter nokre år vaskemaskin, fryseboks og kjøleskap. Men det var ikkje berre å kjøpa. Samstundes som det i Stavanger Aftenblad, januar 1954 står at alderstrygda for eit ektepar er 1800 kroner i året, er det ei annonse for Miele vaskemaskin til 1890 kroner. 

Me ungane følgde nøye med under heile anleggsprosessen til FK på Sønstabø. Særleg var me tett på når lysstolpane skulle setjast opp. Var det flatt fjell i dagen, kunne stolpane plasserast rett på og festast med sterke, galvaniserte jarnstag, men av og til måtte det sprengjast. Til boringa vart det nytta bensindrivne kompressorar med bor av den gamle typen utan ein herda kjerne. Det gjorde det nødvendig å ha ei æse og ambolt for å kvessa bora. Eg vart aldri lei av å sjå på smedarbeidet der nedre del av boret vart raudglødande, banka skarp med hammaren og dyppa i kaldt vatn så det freste.  

Sprenginga vart gjort med lite lessing, og me ungane fekk beskjed om å springa heim før salven gjekk. Skytebasen ropte: «Varsku her! Fyr her!» to gonger før han tende lunta. Me kunne ofte sjå småstein som for høgt til vers. Mot slutten vart lunta bytt ut med elektrisk detonering av dynamitten, men eg veit ikkje om det kom i bruk alt i 1952. Den tynne ståltråden som vart nytta var dekt med grøn, gul, eller raud plast og vart eit populært samleobjekt for oss gutane og vart kalla skytestreng

Me følte etter kvart at med kjente anleggsarbeidarane, og snakka difor med dei som til kjentfolk. Dei kunne sikkert til tider vera nokså lei oss, men dei var greie. Spesielt likte me godt ein som heitte Hans Frøyland. Han var jamt i godt humør og spøkte med oss. 

Det var også ein interessant periode for oss då linjene skulle trekkjast. Montørane klatra i stolpane som apekattar når dei sette på seg klatreskoa. Var det ein liten pause, kunne me få setja dei på føtene og ta oss litt opp i stolpen. Det vart også til overs korte stubbar av tjukk aluminiumstråd under monteringa. Desse var nyttige for oss fordi dei var så mykje lettare å forma enn den stive, tjukke ståltråden (laksestreng) som vart nytta mellom anna nede og oppe på nettinggjerde og til feste av laksenøtene. 

I ettertid ser eg at samværet med anleggsfolka ikkje berre var tidtrøyte for oss ungane, men at me i tillegg fekk kunnskap om arbeid som kom til nytte seinare i livet. 

Loading