Kristian fortel 20

Kapprusting, kriser, Sputnik og Laika 

Livet rundt Meling Bedehus og på Sønstabø var ikkje berre forma av og engasjert i misjonsarbeid og omreisande predikantar. Sjølv om det var fleire år før fjernsynet fekk plass i stovene, hadde me radio og aviser. Store nasjonale og internasjonale hendingar greip inn i dagleglivet og var det store samtaleemnet, sjølv om vår rolle naturleg nok avgrensa seg til å observera og kommentera det som skjedde. På femtitalet var atomkapprustinga i full gang, og redsla for atomkrig stakk djupt både hos ungar og vaksne. 

I Ungarn protesterte studentar og andre opposisjonelle i oktober 1956 mot det harde sovjetstyret. Det var og håp om å bryta ut av Warszawapakta. Motstanden vart brutalt slått ned av styrkar frå Sovjetunionen tidleg i november. Fleire tusen ungararar vart drepne, og mange fleire flykta frå landet. Meir enn tusen av desse flyktningane kom til Norge og vart verande. Hendinga fekk stor omtale i aviser og radio og gjorde sterkt inntrykk på oss alle. Ungarn, som for meg til då var synonymt med fotballandslaget med Puskas som stjerne kom nærare, og opprøret fekk meg til å tenkja over kva det ville seia å vera fri. 

I oktober året etter kom ei ny krise. Nasser var vorten president i Egypt etter å ha avvikla kongedømmet. Han ville markera styrke ved å nasjonalisera Suezkanalen, men ønsket om å få inntekt frå kanaldrifta låg også bak. England og Frankrike var kanalmaktene og erklærte krig mot Egypt saman med Israel. USA og Sovjetunionen var svært kritiske til Frankrike og England og tvinga dei til å avslutta krigshandlingane alt i november. Viss det skulle kårast nokon vinnar, måtte det vera Israel som ikkje trekte seg tilbake frå okkuperte område i Sinai og Gaza. Det som undra oss vanlege avislesarar og også politiske ekspertar, var at USA og Sovjetunionen kunne gjera felles sak. FN engasjerte seg sterkt i konflikten, etter ei stund vart det oppretta FN-styrkar der norske soldatar deltok. Eg hugsar at son til Johannes Nes var med i ein av dei første norske kontingentane som reiste, og at han var heime og hadde på seg den blå baretten som har vorte så kjend gjennom FN-soldatane. 

Samtidig med Suezkrisa, i oktober og november 1957, feira Sovjetunionen store triumfar i romkappløpet. Den 4. oktober skaut dei ut den første satellitten, Sputnik, i verdsrommet. Ein månad seinare, den 3. november, sende dei opp ein ny romrakett med ein hund, Laika, om bord. Hunden kom aldri tilbake til jorda, men reisa fekk oss til å tru at snart kunne også menneske reisa i verdsrommet. Etter krigen syntest me USA stod for framsteget og det moderne og framtidsretta, medan Sovjetunionen låg langt etter, dersom me såg bort frå resultata på skeisebanen der Gontsjarenko, Grisjin og Sjilkov hadde vore store namn. Difor var det overraskande at det var Sovjet og ikkje USA som førte an i romkappløpet. 

Om kvelden 4. november sat eg i ein raud og kvit HSD-buss som gjekk i ekstrarute til Bremnes kyrkje. Slik eg hugsar det, hadde det vore stort oppmøte på eitt av bedehusa i bygda, og dei som stod i leiinga, hadde fått lov til å flytta møta til kyrkja. Bussen var på veg ned brekka mot Bjødledalen, der ein stor måne spegla seg i tjørna på vestsida av vegen, då ei kone sa så høgt at alle i bussen høyrde det: Tenk, der oppe blant stjernene reiser ein levande hund rundt. Koss skal dette enda?! 

Eg kan ikkje hugsa kva predikanten sa i kyrkja denne kvelden, men eit gjennomgåande tema i forkynninga var at både Sputnik og internasjonale kriser var klare endetidsteikn, og at dommedag var nær. 

Loading