Kristian fortel 2

Hummarfisket

Det fisket eg fekk følgja mest nært, var hummarfisket. Det varte den tid frå oktober til jul og ein periode i mai – juni. Resten av året var det fredingstid. Det store hummarfisket var om hausten. Mennene i dei fleste husa dreiv dette fisket, og det var ikkje uvanleg med over 100 teiner på kvar båt. Fisket starta klokka åtte om morgonen 1. oktober. Det første døgeret vart teinene dregne opp to gonger, første gong seint på kvelden. Då var det mørkt, og ein kunne sjå lyset frå lommelyktene som vart brukte når ein skulle skjera opp og festa teinematen, og ta fangsten ut av teina. Hummaren likte best litt gammal fisk. Første målet vart teinene lagde innanskjers fordi det var mørkt og vanskeleg å sjå botnen med kikkerten under kveldstrekket, og fordi fiskarane året før hadde kasta figgen, dvs. småhummar som ikkje heldt målet på 21 cm, ut inne i vågane for at han skulle halda seg der. Hummarmålet som hadde vore det same frå 1879, vart frå 1964 utvida til 22 cm. I dag er minstelengda 25 cm.

Først på femtitalet var ein ikkje nøgd før ein fekk opp mot ein hummar per teine første målet, dvs. første gong ein drog teinene opp. Fangstmengda i sesongen gjekk fort ned, og etter tredje målet var det fint om ein fekk ein halv hummar på teina. Det var kamp om dei gode hummarplassane og ikkje akseptert at det kom fiskarar frå andre plasser med teiner. Det var viktig å få teina til å liggja på rett plass i steinura, og det var her kikkerten kom til hjelp. Kikkerten var eit kvadratisk trerøyr som konte (skråna) svakt oppover og hadde ca. 20 cm breie sider nedst der det var festa ei glasplate som dekka opninga og var kitta så tett at det ikkje kom inn vatn når kikkerten vart pressa under vassoverflata. Kikkerten hadde handtak slik at han kunne haldast med ei hand. Med den andre handa vart teina buksert på plass. Kikkerten forstørra ikkje, men gjorde at ein kunne sjå botnen klårare.

I den tid var det tillate med hummarfiske i Rogaland visse tidsrom med freding i Hordaland. Det førte til at fiskarar frå Sønstabø reiste til Bokn for å fanga hummar i slike periodar. Då eg i 1971 arbeidde som dyrlege på Bokn, nemnde eg dette for dei som budde der. Dei hugsa det godt, og sa at slike langvegsfarande var dei mest upopulære folka dei visste om, og at det ikkje var godt å vita kva som hadde hendt med dei dersom dei hadde komme i land. 

Hummaren vart så godt betalt at han vart rekna meir som kontantar enn som fisk. Det viste seg når brønnskøyta kom til Sønstabøvågen for å kjøpa hummaren. Skøyta la til på andre sida av vågen sett i forhold til kaien, og kvar fiskar slepte i tur og orden hummarkista over til skøyta og kunne lesa av på vekta kor stor leveransen var. Det var utenkeleg å spørja kor mange kilo som vart levert. Det var like ufint som å spørja om kor mykje pengar ein hadde i banken. Når ein hummarfiskar kom til lands, fekk han setja hummaren i kista i fred, og spurde naboen om korleis fangsten var, fekk han alltid eit ullent svar: «Han sat no der», eller «Det var ikkje heilt svart». Brukte fiskaren slike vendingar, hadde fangsten vore god den dagen. 

Les meir her

Loading