Kristian fortel 18

Men å få syngja litt .. 

På NRK-stasjonen P2 har det gått ein programserie kalla Platedate. Eit av standardspørsmåla til deltakarane er: «Kva var di musikalske oppvakning?» Dei fleste svarar at dei har hatt fleire oppvakningar, og slik er det for meg òg. For meg har songen vore der så lenge eg kan minnast. 

Dei første songane eg høyra fekk, og som mor, farmor og tantene forsøkte å læra meg, var dei tradisjonelle barnesongane: Alle billebæane på haugane sprang; Bæ, bæ lille lam; Pusekatten låg under omnen; Pusekatt, pusekatt kor låg du i natt; Ekornet gjekk på vollen og slo; Ride, ride ranke; Ro, ro til fiskeskjær og fleire andre. 

Samstundes, før eg kunne snakka reint, vart eg lært dei mest brukte nasjonale og folkelege songane: Ja, vi elsker; Mellom bakkar og berg; Tordenskjoldvisa; Eg gjette tulla; Blåmann, Blåmann bukken min; Fager kveldsol smiler; At far min kunne gjera; Alle fugler; Mannen han gjekk seg til veaskog; Eg gjette Tulla og mange andre som eg høyrde, men ikkje heilt skjøna tydinga av. Det var først og fremst farmor og tantene som lærte meg desse songane. Dette var songar eg av og til vart beden om å framføra når eg vart teken med til folk og når det kom besøk, noko eg syntest var unødvendig og brysamt. 

Eg kan ikkje hugsa at me hadde noko fast songritual om kvelden når eg hadde lagt meg. Mor bad kvar gong den same kveldsbøna for meg utan melodi, og slutta av med ein god godnattklem: Nu lukker sig mitt øie, Gud Fader i det høje, i varetækt mig tag! Fra synd og sorg og fare din Engel mig bevare, som ledet har min fod i dag. Amen 

Når eg no for første gong ser bøna på trykk, ser eg at ho berre er på knappe to liner. Den gongen syntest eg det var eit formular det tok lang tid å verta ferdig med, der eg skjøna innhaldet, men ikkje forstod alle dei gamalmodige orda. Forståinga var om lag slik det er i dag når eg høyrer eller les engelsk eller tysk. Dette var ei kveldsbøn mor hadde lært av si mor. Det er ei gamal dansk kveldsbøn frå 1818 skriven av Peter Foersom og kalla Linas Aftenbøn, opphavleg sungen på ein tysk folkemelodi. 

Med tida vart repertoaret utvida med sundagsskulesongar. Her var teksten lettare å forstå: Min båt er så liten, men havet så stort, Lukk ditt lille vindu opp, Alltid freidig når du går. Her var det allsong. 

I fjerde klasse på folkeskulen vart songboka til Lars Søraas bokstaveleg tala tone- angivande. Før den tid hadde me i tre år annankvar dag starta skuledagen med Sjå dagen sprett i austerætt og slutta av med Fager kveldssol smiler. I storskulen song me mange av songane til Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen. Det ligger et land mot den evige sne, Brede seil over Nordsjø går, Jeg kjører frem gjennom strålefryd saman med Til lags åt alle og Dei gamle fjell i syningom var alle songar eg ikkje hadde lært heime, men som eg lærte å setja pris på. Ein del av desse songane kom eg i kontakt med seinare i koret Aslaug Madsen skipa av realskuleklassen vår. Mjånes fekk oss til å syngja godt og høgt i songtimane. Særleg vart det mykje song før jul då gamle songar skulle repeterast og nye lærast. Me song julesongane i nynorsk omsetjing dersom ikkje originalen var i denne målforma. Ettersom engelsk ikkje var pensum i vår folkeskuletid, måtte me venta med alle dei engelske og amerikanske julesongane til framhald- og realskulen. 

På den tida vart den rike songtradisjonen i bedehuset også ein del av vår identitet og bakgrunn, men songane vart ikkje brukte utanom bedehuset. Den tradisjonen har eg omtala ein annan stad. 

Likevel er det radioen som står for den store musikalske oppvakninga frå 1952. Først var det visene til Alf Prøysen, Torbjørn Egner og dei andre røystene i Barnetimen for dei minste. Seinare kom musikken i Ønskekonserten inn som normgjevande for musikksmaken. Konserten starta alltid med barneplater, så kom religiøs musikk og klassisk før folkeleg populærmusikk. Til slutt kom nokre plater med nyaste engelsk og amerikansk popmusikk. Det var berre i ønskekonserten NRK sendte popmusikk på den tida. Her er lista over dei mest spelte platene på femtitalet: 

1950: Ave Maria av Franz Schubert
1951: Livet i Finnskogarna (Carl Jularbo)
1952: Domino (Doris Day)
1953: Bamses 50-årsdag
frå Dyrene i Hakkebakkeskogen
1954: Ola Dekksgutt fra Flekkefjord (Torbjørn Egner)
1955: Intermezzo frå Cavalleria Rusticana
1956: Rock around the clock (Bill Haley)
1957: Sjørøvervise (Henki Kolstad) 

1958: Sail along silvery moon (Billy Vaughn)
1959: Det lysnet i skogen (Aase Nordmo Løvberg og Robert Levins orkester)
1960: Broen over Kwai (Mitch Millers kor og ork.)
1961: Å, Marie jeg vil hjem (The Monn Keys) 

Det er ikkje for sterkt sagt at her vart første interessa for både pop- og klassisk musikk vekt. Sommaren 1958, konfirmasjonssommaren, plystra alle på Sail along silvery moon og nynna på Pat Boons Love Letters in the Sand. Mi etterkvart enorme interesse for Radio Lux tok så smått til sommaren 1957. Det var Liv frå Bergen, søskenbarnet til Bjørn og Karsten, som var ein av døropnarane. Ho ferierte i Sønstabøvågen kvar sommar på den tida. Sjølv om ho var to år yngre enn meg, kjente ho godt til namn som Paul Anka, Elvis Presley, Tommy Steele, Pat Boone og Connie Francis og hadde klåre meiningar om kva ho lika og ikkje lika. 

Då eg tok til på framhaldskulen hausten 1958, vart eg kjend med Gunnar frå Våge. Han var ei oppkomme av kunnskap om popmusikk og kunne rekkefølgja frå søndagens Top Twenty Radio Lux utanåt på måndagen. Programmet vart sendt seint på kvelden. Tidspunktet varierte etter kva tid sommartida kom og gjekk i England og Norge. Seinaste sendetid var frå klokka tolv til eitt natt til måndag. Eg høyrde første gong på Top Twenty i november 1958, og hugsar den dag i dag dei fleste titlane frå den kvelden. Denne hausten hadde eg hatt mine to første månader med engelskundervisning, og det er interessant å sjå korleis ei blanding av korrekt engelsk og lydskrift er forståeleg den dag i dag. Her er The Everly Brothers Bird Dog notert som Børdogg. Fleire av melodiane frå TT november 1958 finn eg att på eit faksimile frå VG over plater som toppa salet i Norge 11. februar 1959. Dersom eg skal trekkja ut ei plate som sterkast drog meg inn i fasinasjonen for rock`n roll og anna popmusikk, må det verta I love you Baby med Paul Anka som han lanserte i 1957. Eg trur heller ikkje det finst ein melodi som far vart så grundig lei av, både når eg song med mitt nebb, eller plata vart spela på radio. Særleg Oh oh Baby opp att og opp att, gjekk han etter kvart på nervane. 

Dersom eg den dag i dag høyrer hardingfelemusikk, ser eg for meg duka salongbord med koppar og tefat og kjenner lukta av kaffi og lefse med sukker og kanel. Det kjem seg av at radioen alltid sto på då familien var samla til kaffi søndag ettermiddag og Rolf Myklebust leia Folkemusikkhalvtimen. Programmet vart sendt frå 1952 til 1978. 

Her var slåttar og springarar spela av kjende spelemenn som hadde slåtten etter far sin som hadde han frå sin far som igjen osv. Ingen av oss var særleg begeistra for musikken, men det var aldri snakk om å slå av radioen. 

Far hadde ein kategori musikk som han kalla «mellombølgemusikk.» Det var, som namnet seier, musikk som vart spela på mellombølgje, og eit anna namn for klassisk musikk. Den musikken vart spela av Stavangerensemblet på norsk mellombølgje, andre orkester prega andre stasjonar. På langbølgje, der BBC 1 gav best mottaking, var det meir lødig musikk. 

Musikken levde også utandørs. Ein søndag like etter middag høyrde eg trekkspelmusikk som kom frå haugen på nordsida av Lyngkjøl i utmarka vår. Det var tydeleg å høyra melodien på «Gamle Svarten». Eg gav meg i veg, og fleire kom til, og til slutt var me samla ein heil flokk rundt Ragnar Hallaråker. 

Ragnar budde på Hallaråker, og det var ikkje lange vegen for han opp til Lyngkjøl. Han var samegut, og var adoptert av Hans Hallaråker og kona. Dei var med i Finnemisjonen. Ragnar vart seinare operasongar og gjorde det godt på fleire scener i Europa. Han hadde aldri lært notar, noko som gjorde innstudering av nye stykke tungvinn, truleg ein av grunnane til at han slutta av karrieren i relativ ung alder. 

Ein meir vanleg aktivitet sundags ettermiddag var å samlast i Trefoten eller Mehushaugen for å spela 78-plater på sveivegrammofon. Grammofoneigarar var Georg Polden og Johannes på Trenå. Georg var sjømann og hadde kjøpt mange plater når han var i land ein eller annan stad langs kysten eller utanlands. Mange av platene var dei same som me høyrde i Ønskekonserten. Speling av grammofonplater i det fri var også ein guteaktivitet, og grunnen var så enkel som at det var få jenter i høveleg alder på Sønstabø. Det hende Ingeborg og Anne Lise kom oppom, men for meg var dei vaksne damer. 

Loading