Kristian fortel 14

Idrett

Falken 2020
Gjengen eg tilhøyrde samla årsklassane 1942 til og med 1947. Det var Olav N, Olav S, meg (Kristian), Nils Bjørn, Harald, Ansgar, Endre, Karsten og Magnus etter fallande alder.  Endre og Magnus flytta i 1956 til Stavanger, men var på Sønstabø storparten av skuleferien i åra etterpå. 

Interessa for fotball, friidrett, vinteridrett og friluftsliv var bakteppet for stiftinga av Falken 2020 Det vart laga vedtekter og ført protokoll frå møta. Eg hugsar ikkje ordlyden i vedtektene. Protokollen eksisterer kanskje endå, i så fall må det vera Olav S som har tatt vare på han. Møta vart haldne i ei lita treleikehytte vest for huset til Emil, og som Olav hadde bygd. Vedtektene sa noko om at ingen i klubben skulle røykja, og at me skulle driva sport og ha andre sunne interesser. Ein paragraf i vedtektene var: Du skal ikkje ha andre venner enn dei som er med i klubben. Det førte til at eg pådrog meg ei ekskludering, noko som gjekk sterkt inn på meg, ettersom eg vart observert i lag med tvillingane på Dalen, søskenborna mine. Dei var for gamle til å vera med i klubben. Kontingenten var 25 øre året. 

Klubbnamnet har ei spesielle historie. Dette var i Hjallis si stordomstid, og klubben hans var Falken. Det var diskusjon om namnet. Djerv var namnet på ein fotballklubb i Haugesund og hadde god klang. I tillegg til Djerv hadde klubben 1919 i namnet, noko som ein del av oss ønskte å kopiera. Andre syntest 1919 var eit lite inspirerande tal, og meinte 2020 var beinare og meir framtidsretta. Lite visste me om at 1919 var knytt opp mot stiftingsåret, og at me i 1953 forskotterte klubbnamnet vårt med 67 år. Ennå er 8 av oss 9 stiftarane i live, så om 5 år er me, statistisk sett, truleg nok attlevande medlemmer til å foreta ei formell stifting av Falken 2020. 

Fotball
Eg trur ikkje gjengen før oss hadde same interesse av å utøva sport som me som starta Falken 2020 i 1954. Men det skal dei ha, dei fekk den første sydde lêrfotballen til Sønstabø. Året var 1951 eller 52. For å få råd til ball, vart det halde basar på garden, og gutane skaffa gevinstar. Det kom inn over 70 kroner, og ein gong mehustvillingane var med faren til Haugesund, skulle dei stå for ballkjøpet. Dei hadde med seg basarpengane, men mandatet deira var nok litt uklart. I alle fall kjøpte dei ball for alle pengane. Det var ein 7-ball, største seniorball av ypparste kvalitet, frå sportsforretninga til Skre. Timeløna den gong låg på vel to kroner, så ballen kosta mest ei vekeløn. No for tida finst det vel ikkje så dyre fotballar. Rett skal vera rett, ballen var slitesterk sjølv om saumen mellom lêrlappane rakna med tida. Då var det berre å tappa lufta or blæra og sy med tynn sen, som og var ei nyvinning på den tida. 

Stadion dei første åra var Sletthei, ein lett skrånande bakke i utmarka til Bentsen. Banen smalna til mot nedre mål i sør, og det var uråd å ta corner i den enden. Difor var regelen at tre corner er straffe. 

Då eg vart skulegut og fekk lov å gå så langt av stad på dagtid og tidleg kveld, fekk eg vera med å spela. Posisjonen var back den første tida. På søndagane kunne også vaksne ungdommar vera med og spela. Mest frykta var Magnar Meling, først og fremst fordi han spela i beksaumstøvlar utstyrt med heimelaga knottar. Difor smerta råsparka hans ekstra sterkt, og han bomma på ballen rett som det var. 

Det var i ein slik kamp Finn fekk ei høg stjerne hos meg, og som ikkje heilt har slokna ennå. Ballen kom mot meg med stor fart frå relativt kloss hald, og på refleks tok eg begge hendene for andletet før ballen trefte. «Hands!» skreik alle på motstandarlaget. Då var det Finn, som var på mitt lag, sa: «Fyren må vel for helsike få lov å verja trynet». Dermed var det bestemt, og eg vart litt etter litt ein i gjengen. 

Falken 2020 var starta, vart det også namnet på fotballklubben til sønstabø- gardane. Ingen andre gardslag hadde fotballdrakter. Farge og fasong på vår drakt måtte vera slik at høvelege råvarer var tilgjengeleg for alle ni. Difor vart fotballskjorta kvit og buksa blå. Alle hadde ei kvit skjorte, eller hadde ein storebror som hadde vakse ut av ei, med lang eller kort arm. Vegen fram mot ferdig drakt kravde ein tett allianse og samarbeid med mødrene. Dei færraste av oss hadde ei blå kortbukse som passa. Det kunne gå an med ei langbukse som var klypt av berre ho ikkje var for mørkeblå, men i dei fleste tilfelle måtte buksa syast etter mål. Stoffet var så ymse, frå dongeri til ull, og buksa skulle helst ha strikk i livet, ikkje belte. 

For at trøya ikkje skulle bli for blass, vart det bestemt, og protokollført, at det på ryggen skulle vera ei langsgåande 15 cm brei, raud stripe der draktnummeret i blått skulle stå. Dette viste seg å vera grei skuring for mødrene, men stoffsorten og raudfargen hadde variantar frå burgunder til lett rosa som farge, og ull, bomull eller silkefor som tekstil. 

Det var ei utfordring å finna høvelege fotballbanar. Allemannsretten gjaldt også tidleg på femtitalet sjølv om Friluftslova ikkje kom før i 1957 med eigen føremålsparagraf som § 1: 

Formålet med denne loven er å verne friluftslivets naturgrunnlag og sikre almenhetens rett til ferdsel, opphold mv. i naturen, slik at muligheten til å utøve friluftsliv som en helsefremmende, trivselskapende og miljøvennlig fritidsaktivitet bevares og fremmes.

Sjølv om ingen av oss registrerte at lova i si tid kom, var innhaldet i føremålsparagrafen nett slik me såg for oss retten til og grunngjevinga for å ferdast i utmarka. Der var det berre kuskit og steingardar som kunne setja grenser for aktivitetane våre. No er eg ikkje heilt sikker på om toleransen vår var like stor som lova uttrykte. I «vår» utmark var det me som rådde. Det var slett ikkje greitt dersom ungar frå nabogardane skulle byggja hytter, plukka bær eller på anna vis ta seg til rette i vår mark. Slikt skjedde heller ikkje ofte. 

På heimebøen sto allemannsretten lågt i kurs, i alle fall vår og sommar. Møk frå møkakjellaren, talle frå sauefjøset og mannskit frå utedoen skulle køyrast ut med hest og kjerre og spreiast med greip så tidleg om våren som vêr og føre tillét. Etter at gjødsla var vatna ut av regnet og hadde tørka inn, vart ho raka saman og køyrt ut i utmarka som jordforbetring. Lamminga tok til i påsken, og når vårsola varma, vart lamma og mødrene sleppte ut på innmarksbeite. Der gjekk dei til dei vart sende på sommarbeite i Åkrafjordfjella eller ut på øyane mot slutten av mai. Så skulle graset veksa til slåtten starta jonsokdag. Innmarka var fri tumleplass for snøaktivitetar og leik på barmark tidleg om våren og eit par dagar på nyslått teig, men me skulle ikkje setja store spor etter oss i bakken før me vart kommandert bort. Dei flate bøane var difor uoppnåelege, sjølv om dei kunne ha vore ideelle stadion. 

Av den grunn var det utmarka me måtte stola på. «Forandring frydar» heiter det. Frå først av var Sletthei stadion, men i utmarka var det fleire bakkar med potensial som fotballbane. Oppom Kråkestø ligg ei inngjerda teigblanding der Mehus og dei to gardane på Dalen hadde små åkerstykke eller slåtteteigar. Utpå femtitalet var det ikkje drift av parsellane utanom som utmarksbeite. Her gjekk Falken i gang med lettare grøfting og sette opp mål. Det same skjedde i Blidensol som er eit steininngjerd stykke i vågamarka. Resultatet i form av areal og grasstruktur var ikkje slik som draumane la opp til, og det var planfasen som var det mest vellukka i prosjekta. 

Gardskampar i fotball vart haldne frå tid til annan også før me i Falken 2020 var gamle nok til å vera med på laget. Dei største gardane hadde dei beste laga, med litt variasjon etter kven som hadde flest gode spelarar i sjuande klasse. Her skal berre refererast frå to kampar eg hugsar godt. 

Meling vart rekna for å vera det beste laget i krinsen. I 1955 var det kamp mellom Meling og Sønstabø på Hunasætre stadion, langt nordaust i melingsmarka. I dag går hallaråkerløypa der speidarane har eit årleg arrangement midt gjennom stadion. Falken hadde fått med seg tvillingane på Dalen, som då gjekk i sjuande klasse, på laget. Dette var imot det interne reglementet til Falken, men dei var uvanleg store og sterke for alderen, sjølv om dei var knøttsmå ved fødselen. Det var stor prestisje knytt til kampen, og av den grunn var det taktisk med ei regelomgåing. Sjølv om dei ikkje var store balltalent, var dei raske og gjorde god nytte for seg. Det same kan seiast om Ansgar, som aldri fatta interesse for fotball, men som konstant sprang bak den motspelaren som hadde ballen og ropa «Trodl i bokso, trodl i bokso» for å distrahera så mykje at han vart dribla eller sende ei dårleg pasning. Det enda med at Sønstabø vann 5-1, og det var ut frå vår kunnskap første gong Meling tapte for Sønstabø. 

Ein annan gong var Økland motstandaren. Kampen skulle spelast på Økland ein sundags ettermiddag, på ei «seke» (slette) nord for Kvednavika, vågen der Bremnes Seafood no ligg. Kampen kom i gang til avtalt tid, og alt gjekk normalt for seg heilt til midten av første omgang. Då forsvann alle på øklandslaget frå banen og gøymde seg i terrenget rundt. Me andre sto att som spørsmålsteikn før me oppdaga ein mann komma mot oss. Han sa ingen ting og forsvann litt etter same vegen som han kom. Omsider våga motstandarane seg fram, og kampen kunne spelast ferdig. Det kom for ein dag at mannen som hadde dukka opp var bonden som eigde den nyslegne seka me spelte på, og det var tydeleg at arrangøren ikkje hadde henta bruksløyve før kamp. 

Friidrett
Friidretten hadde òg sin plass. Øvingane var 60-meter, lengde, høgde, ymse kast og terrengløp. Tresteg og stavhopp kom også til etter kvart. Ingen av oss hadde sett nokon hoppa tresteg, men me kom naturleg fram til den rette teknikken med hopp, hink og hopp. Feilen me gjorde var å tru at satsen i dei to siste stega skulle takast frå gropa og ikkje i tilløpet. Dermed laga me gropa over ti meter lang slik at me ikkje landa på utsida ved gode hopp. Det var ikkje få kassar med skjelsand som måtte fraktast med båt og kjerre frå Gullkronevika via Sønstabøvågen og opp i marka. Heldigvis gjorde gropa god nytte ved lengdehopp og. 

Høgdehoppstativ var lette å laga sjølv dersom me hadde tilgang til eit passe stort bor. Frå 60 cm over bakken og opp til 160 cm (utviklingspotensialet måtte ikkje gløymast) bora me hol med fem cm mellomrom og smidde pluggar som lista kunne kvile på. Utfordringa var å finna ei list som var lang nok, og samstundes så stiv at ho ikkje bua på midten. Bambusstenger, gjerne avdanka kippestenger, var perfekt. Dette var før Fosburys tid. Han vart OL-meister i høgdehopp i 1968 og satsa med hovudet inn mot lista og ryggen ned. Me var kjent med dykkstilen der me også måtte landa i horisontalen på ryggen. Likevel var det saksestilen som vart nytta av oss. Det kom av at det var einaste måten å landa trygt på. Det var aldri snakk om landingsgrop ved høgdehopp, og me hadde ikkje tjukkasmatter som måtte til for å landa på ryggen i nedfallet. 

Vinteridrett
Dette var i tida etter vinter-OL i Oslo 1952. Det var radio i alle heimar og avisene hadde eigne sportssider med foto. Namn som Hjallis, Hallgeir Brenden, Arnfinn Bergmann og Simon Slåttvik hadde god klang. Desse gullvinnarane vart ideala også på relativt is- og snøfattige Sønstabø. Eg kan likevel ikkje hugsa nokon vinter utan trygg is på dei små vatna og pyttane me visste om: Mannaviktjødnå, Sætravatnet, Krokavatnet, Kjøl, Tausakjøl og Lyngkjøl. Alle desse små vatna kunne ha blank stålis der me kunne kikka ned på botnen før skeisene sette merke og litt etter litt gjorde isen matt. Ein annan type is var den som kom dersom det snøa og fraus samstundes utan is frå før. Då vart isen mjølkekvit og ugjennomsiktig, med ei knudrete overflate. Einaste fordelen med denne isen var at han ikkje stilte like store krav til skarpe skeiser som stålisen. Kom det litt snø på blank is, var det ideelt for moking og konstruksjon av skeisebane, med eller utan delte banar. Eg, til liks med mange av kameratane mine, gjennomlevde fleire generasjonar skeiseslag på nokre få år. Først snabelskeiser, vaksen storleik, deretter eit par skruskeiser av hockeytype, også vaksen storleik. Begge skeisepara kravde store sko som måtte fyllast med fleire par tjukke lubber, og så lengdeløpskeiser med reimar. Skoskeiser vart det ikkje før på slutten av storskulen. 

Me fekk etter kvart bra teknikk på skeiser og kunne gå runde på runde dersom eggen var kvass. Me fekk hjelp av fedrane til å slipa og fila skeisene i førstninga. Seinare gjorde me det sjølv. Reimar med spenne laga me også sjølv ved å skjera beine, passe smale strimler av ein lærduk og festa kjøpte spenner til dei. Det var ein del billigare enn å kjøpa ferdige reimar. 

Skeiseisen kunne også brukast til å leika hauk og duer. Det stilte store krav til god balanse, og her kunne jenter og gutar med fordel leika i lag. Dei beste minna frå skeiseisen er likevel treffa med ei jente på eit av dei større vatna der ein kunne gøyma seg vekk ein stille kveld, gjerne med måneskin. Denne fasen kom etter at me var så store at me også fekk lov gå på isen på vatn på andre gardar. Du fekk lov til å skuva ei utvald jente framover med eit lett tak rundt hoftene hennar. Med andletet mot nakken hennar vart ikkje presset på å måtta seia rette ord til rett tid så stort som ved eit møte ansikt til ansikt, men det kunne skapa ei gjensidig forventning om å treffast neste kveld. Det står for meg at det som regel vart mildvêr kommande kveld. 

Når snøen kom, sette det standarden for aktivitetane våre. Dei første åra var det kjelke som var utstyret. Heimelaga, med breie meiar dekte med tønneband av galvanisert jern. Dei nye måtte «køyrast inn» før farten kom opp. Rattkjelken, som var for avansert til å laga sjølv, kom då eg var i ferd med å verta for stor til å renna på kjelke. Han kravde hardt, isete spor, gjerne pakka, islagt grusveg for å få fart, og farten kunne verta svimlande med rett underlag. 

Skeising på postvegen/hovudvegen var ein aktivitet som ikkje var årleg fordi det kravde spesielt vêrlag. Dersom det hadde kome mykje snø med etterfølgjande frost og dårleg vegbrøyting, kunne mildvêr skapa vegen om til glatte isløyper. Som regel førde det til at vegen vart strødd, ikkje med sand, men singel frå svovelkisgruvene på Litlabø. Denne singelen var lett å kosta bort med ein piassavakost, og dermed var vegen ei spanande og avvekslande skeiseløype. Den svake hellinga nedover Mila gav god fart, og biltrafikken var så liten at det var lite sannsynleg å møta bilar i svingane inn mot Nordtun. Me visste kva tid bussen og mjølkebilen kom, og all biltrafikk kom først nordfrå. 

Før eg var gammal nok til å komma med på hopplaget, inviterte Sønstabø Meling til lagkonkurranse i skihopp. Magnusbrekka var hoppbakken. Eg trur ikkje det var berekning, men mangel på kunnskap om skibakkar som var grunnen til at hoppet vart plassert lengst nede i bakken, i overgangen til sletta. Unnarenn var nok eit ukjent ord. Det kunne lett late seg ordna med eit godt unnarenn ettersom Magnusbrekka er ein av dei største bakkane i heile krinsen. Melingarane kom, og det høflege vertskapet insisterte på at gjestene skulle hoppa først. Ettersom ingen klokleg nok ville setja utfor, vann Sønstabø på «walk over». 

Midt på femtitalet var det periodar med kraftig snøfall som bles saman til store fonner og endra profilen på landskapet. Då var det råd å stå på ski der det til vanleg var stein og ulendt terreng. 

Dei første skia mine var laga av tønnestavar. Rundt om på gardane sto det ofte eikefat, eller tønner laga av andre harde treslag, og som hadde falle i stavar. Desse var betre eigna til ski enn vanlege sildetønner av gran eller furu, og det kunne verta mange par ski av ei stor tønne. Skia vart festa til skoa slik som på snø- eller snabelskeisene med fire tauløkker i skia og eit lengre tau tredd og stramma gjennom løkkene. 

Skismørjing måtte til, særleg ved klabbeføre, som var regelen, men også når det var gnistrande kaldt. Den beste smurningen var lettsalta nyretalg frå lam. Talgen var å finna i brune keramikkskåler i kjellarane etter haustslaktinga, og hadde vorte nytta i matlaginga før. I mi tid vart det samla opp og kokt, meir som tradisjon enn matauk, og det var heilt lovleg å forsyna seg. Eg hugsar enno den gode lukta av våt ull og lettare harskt sauefeitt av vottane me hadde på oss under leiken. 

Etter kvart kom vanlege treski på føtene våre, dei fleste overtekne etter ein far eller andre vaksne i slekta. Blant desse var også laminerte ski med stålkantar, men dei fleste var laga av heil ved der springen forsvann dersom dei ikkje vart lagra samanbundne med ein trekloss festa i spenn rett plassert under bindingane. Bindingane var etterkrigstidas lêrreimer som kunne strammast med spenne bak hælen. 

Om lag tjue år før plastskia vart vanlege, kunne me for ein rimeleg penge få kjøpa halvfabrikata med laminerte ski frå Åsnes Skifabrikk i Fjaler i Sunnfjord. Me pussa, beisa og lakka skia sjølv, og sette på eit klistremerke med fabrikkens logo på tuppane. No var òg Kandahar-bindingane på plass. 

Langrenn var ikkje ei sportsgrein der me konkurrerte i særleg grad, men etter kvart fann me stor glede i å hoppa på ski. Ein høveleg bakke var Australien, vestsida av hellinga ned mot nordre dalen på vårt bruk, ikkje langt frå grensa til Rasmus Nordtun. Eg reknar med at namnet er ei forvansking av austra-lia, ettersom hellinga var mot aust. Den tid var det slåttemark her. Ovanrennet var slakt, men langt, og den oppmura markavegen danna eit naturleg hopp mot eit bratt unnarenn. Med god sats og godt føre kunne me hoppa opp mot ti meter ned i bakken. 

Loading