Jordbruk

Vestlandsk fjordfe får ny start på Bømlo

Bonde Arvid Medlie Mathiassen syt for at den gamle kurasen vår får koma tilbake til landskapet.

– Me har om lag ein prosent av dei mordyra som finst i verda av denne rasen, og det er det ganske spennande å vera med på å ta vare på desse, seier bonden som kjøpte Vestlandsk fjordfe i 2015.

Går det som Mathiassen håpar og trur, så vert åtte kyr drektige etter å ha gått med okse i sommar. Totalt finst det 775 avlskyr av denne rasen.

Det er ein truga dyreart som beitar på lyngheiane ved kolerakyrkjegarden på Mehus. Her paktar Mathiassen beite. Han paktar ikkje berre her. Han paktar land av sju gardar på Bømlo, utanom hans eigen gard. Saman med kona Marit har han sidan 2005 drive garden deira på Rubbestad. Både brør og svigerinner og far og svigerfar med i arbeidet; lamminga, vedlikehald av gjerde og beiterydding er spesielt tidkrevjande, og her er det svært godt med god hjelp. Buskapen tel 20 storfe og 150 vinterfôra sau.

I beitesesongen er storfeet på beite heime på Rubbestad og på Storeneset på Mehus, og om vinteren går alle heime. I marka, eit stykke frå fjøset heime, har han ein stålhall med halmdekke der dyra kan gå inn og ut som dei vil, her er det lunt og tørt å liggja. Der går dei og finn seg fôr om dei vil, eller dei er ute i skogen og finn seg noko å tyggja på. I dag er Remi Andre Jordal med i arbeidet.

Kyrne skal få ein grasball, og det er populært. Jordal er avløysar hos Mathiassen rett som det er. Han er ein ringevikar som er god å ha.

16 år utan storfe

Foreldra hans, Gunn og Kåre Mathiassen, dreiv med mjølkekyr og sau, men frå 1999 var det berre sauedrift på Rubbestad. Arvid fortel at han sakna kyr i denne tida.

Då første fjordfeet kom på plass 16 år seinare, vart gardsdrifta meir komplett, av fleire grunnar. Det er ikkje berre det at han likar kyr.

– Eg sakna sambeitinga òg, seier han og forklarar at sambeiting gjev eit sunnare beite og eit finare landskap. Snyltarane som går i tarmar på sau og storfe er ikkje dei same, og difor vert mengda av desse redusert. Ein får mindre smittepress når ulike artar beitar saman, og ein kan ha fleire dyr ute slik at beitet blir betre utnytta. Storfeet fordøyer grovare vekstar enn sauen, og det gjev eit landskap med mindre stive strå og anna som står att etter sauen.

– Beitepussing er ikkje naudsynt, seier han og peikar på ein bakke der det berre har gått sau. Den er full av gule strå.

– Skulle ikkje tru det var same bonden som stelte der, seier han om seg sjølv.

Ei framifrå ku

Fram til rundt 1960 var det vestlandsk raudkolle og fjordfe som dominerte bygdene her. I kvar fjordarm utvikla dei gjerne sin eigen fargevariant av kyrne. Den varianten som Norsk genressurssenter har teke vare på genane til, er ei blanding av desse kyrne, og difor namnet.

Det er synleg på Arvid sin flokk der dei kjem frå fleire fjordar; her er einsfarga og spraglete, lyse og raude, svarte og jammen kjem ein grå okse fram. Den heiter Mildar, er 2,5 år og veg kring 5–600 kilo.

– Ein fordel med desse dyra er at dei er forholdsvis lette i forhold til anna storfe, slik at dei øydelegg ikkje beitet, seier Mathiassen. Opptrakka beite er lite triveleg, og utsett for ugrasfrø, Kyrne til Mathiassen er lette på foten der dei kjem hastande så snart dei ser traktoren. Når dei ser bonden med bøtta, set dei opp farten. Dei kikar nyfikne rundt seg, for no har dei vore ute på beite sidan i mai, og dei har 400 mål å boltra seg på vest ved havet. Ei kvit ku, Staslin, kjem tett opp til Arvid. Ho viser tydeleg at ho likar bonden sin. Det er gjensidig.

– Dette blir ei flott ku! seier Arvid om den tillitsfulle kviga.

– Korleis er gemyttet til desse dyra?

– Det er ein roleg og triveleg rase, seier han. Elles har dei sine personlegdomar slik som menneske har. Den brune kua, til dømes, det er ho som rautar og gir beskjed. Ho heiter Bruna.

– De tek vare på gamle kunamn?

– Me har ein perm med gamle fjøskort frå 1974, seier Arvid. Der finn dei fine, gamle namn å ta i bruk. Rødlin, Litago, Dagros, Milla, Gulros og Staslin. Tre oksar har dei òg. Mildar er leveringsklar.

Ekstra fine kjøtfiber

To oksar har Mathiassen selt til Scandic Maritim tidlegare, og to andre er selde oppstykka til lokale forbrukarar. I haust er det tre oksar som skal seljast.

Tilbakemeldingane på kjøtet er i alle fall god. Mathiassen leverer til Nortura og tek alt kjøt i retur for å selja sjølv. Han merkar at interessa for kjøt av utegåande dyr som er grasfôra er stigande.

– Kva er det som gjer at dette kjøtet smakar annleis enn vanlege kyr?

– Eg trur det har med rasen å gjera, i avlsarbeidet med å få dyra til å yta meir og veksa fortare, tapar ein nokre eigenskapar som ligg igjen i desse gamle rasane, forklarar Mathiassen. Dyr som veks seint får finare kjøtfiber og dei har tid til å få lagt feitt i fine lag inni kjøtet (marmorering). Dette gjer kjøtet møyrare og saftigare.

– Ulempa er det at det tek fleire år å få opp kjøtvekta, seier han. Rasen NRF (Norsk raudt fe) finst det 200.000 av i Noreg. Dei veks fortare, og dersom Mildar var ein NRF-okse, ville han hatt ei slaktevekt på nærare 400 kilo, imot 250 som fjordfe. Men bevares – Mildar er stor nok. I alle fall om du treff han ute på beite.

Hald deg roleg

– Dersom du møter på ammekyr på beite er det lurt å gå ein omveg og la dyra vera i fred, seier bonden og legg til at dersom ein har hund med, er det spesielt viktig å vera varsam og halda avstand.


Bømlo-nytt 1.9.2018
Tekst og bilete Ingvild Sjo

Loading