Slekt

Om Fuglestad-folket frå Sønstabøvågen

Når me studerer busetnaden i Sønstabøvågen midt på 1800-talet, finn me at handelsstaden har mange innflyttarar. Me legg særleg merke til at fleire kjem frå garden Fuglestad i noverande Hå kommune, Rogaland. I dag finn me på Bømlo mange ætlingar etter dette folket frå Ogna sokn, det er nemleg ei slekt det er tale om. Eg vil difor gje eit lite oversyn over dette ættesambandet mellom Fuglestad og Sønstabøvågen.

Sara Hansdtr Fuglestad, f 1812
I 1838 kjøpte sveibuen Ole Simonsen Mølstre handelsstaden Sønstabøvåg. I tiåra som følgde arbeidde han opp staden, med hjelp av dei gode sildefiskeria,  til kva me i dag ville ha kalla eit vekstsenter. Folketalet ved vågen nådde soleis midt på 1850-talet eit maksimum på 55. Her var stor verksemd og arbeidsfolk med ulike yrke, og mange ungdommar hadde si første tenestetid her.

Kona til Ole heitte Sara og var dotter til Hans og Siri Fuglestad.  Den unge husfrua i Vågen døydde under sitt første barsel,  29 år gammal. Sonen fekk namnet Simon Zacharias. Med han gjekk det også sørgjeleg til, han drukna, tre år gammal, i romjula 1844. Dermed fekk ikkje Sara og Ole livsarvingar saman. Samkvæmet med Fuglestad-slekta tok likevel ikkje slutt med dette.

Omund Hansson Fuglestad, f 1815
Då vesle Simon vart døypt i Gåslandskyrkja vinteren 1842, stod ein av brørne til Sara fadder. Omund heitte han, og er året etter bokførd som innflyttar til Sønstabøvågen. Han drog frå bygda sju år seinare, framleis ungkar. I gards- og ættesoga for Ogna er han nemnd som gardbrukar i Høyland. Mora budde hos han dei siste åra og døydde i 1871, 99 år gamal; faren, fødd 1765,  enda sine dagar i Sønstabøvågen i 1842.

Peder Hansson Fuglestad, f 1806
Sara og Omund kom frå ein syskenflokk som talde seks. Me interesserer oss for endå to av dei, nemleg Peder og Ingeborg, då det er deira etterkommarar me i dag finn på Bømlo.

Peder og kona, Elen, flytte til Finnås prestegjeld i 1858. Med seg hadde dei to av sine sju born, Elen på 18 og Ole Johannes på 15 år. Peder og kona døydde begge vinteren 1860/61. Kan henda var det tronge kår som fekk dei til å flytta frå heimbygda, me skal seinare sjå at minstebarnet deira tidleg vart sendt til fostrings. At huslyden kom hit, hadde nok samanheng med at dei andre borna var hamna her tidlegare.

 Den første ut or reiret var Johanne Oline, f 1832. Ho kom til Sønstabøvågen som “uconfirmeret Pige” i 1846 for “at tage Ophold hos sine Slægtninge”. Johanne vart gift med Halvor Johannessen Meling som i 1854 kjøpte handelsstaden på Vorneset.  Han var også i teneste hos Mølstre før han starta som kræmar sjølv. Det var på Vorneset foreldra til Johanne busette seg. Bygdeboka fortel at Johanne og Halvor flytta  til Stavanger utpå 1860-talet.

Neste mann ut var Hans, f 1830. Han tok teneste hos Mølstre då han var 18,  drog til Amerika i 1854.

Enno ikkje fylt 15, kom Berta, f 1837. Ho vart gift med snikkar Torgeir Torgeirson Vermedal frå Tysnes, og budde som næraste granne til handelsmannen.  Då Berta vart enkje i 1881, drog ho til Amerika med sine fem born. Broren var vel ankerfeste for henne der, får me tru.

Forresten, om tre av borna til Berta kan her vera meir å fortelja. Peder kom visstnok tilbake til Bømlo (Vespestad) på 90-talet. Kor lenge han budde her, og kor det seinare vart av han, kjenner eg ikkje til. Tobias og Benedine vart i Amerika gifte med to sysken som utvandra frå Helvikjo, Gurine og Ola Andreas. Foreldra deira var Sjur Jonsen Hallaråker og Sissela Jokumsdtr Nordtun.

 Hanna, f 1835, tente i Sønstabøvågen til ho i 1872 gifte seg med bror til Torgeir ovafor. Hanna og Ola hadde stove i Vikjo; fekk ikkje barn. Ved hundreårsskiftet budde Hanna hos enkja etter gjestgjevaren (– tredje kona hans,) og hadde status som “tjenesteydende Enke”. Ho flytta truleg bort etter at madam Mølstre døydde i 1901.

 I 1865 var Ole Johannes dreng i Vågen. Kor han sidan tok vegen, veit eg ikkje. Systera Elen har eg heller ikkje klart å følgja vidare.

Den av syskena som sette djupaste spor etter seg i bygda her, var veslejenta, Sara, f 1845. Truleg kom ho til gards som småjente, ho var til fostrings hos eit barnlaust ektepar her. I 1871 gifte ho seg med Johan Haagensen Urangsæter, og  seinare kjøpte dei jord på Sønstabø.

Sara og Johan fekk åtte born, fire av dei var busette i heimbygda. Odelsguten, Johannes, sytte for mange etterkommarar også på heimegarden. I dag er femte generasjonen etter Sara påbegynt her.

Ingeborg Hansdtr. Fuglestad, f 1809
Ingeborg budde ikkje i Finnås prestegjeld – ho vart gift med Svend Asserson Helvig ved Egersund, men ho hadde to søner som kom hit.

Asser Svendsen, f 1832, tok losji hos Mølstre i 1855, fire år seinare kom broren Bernt, f 1838. Om sistnemnde veit eg ikkje meir å fortelja, men Asser var lenge i teneste som skipper for Mølstre. Han vart seinare handelsmann, først på Sæverudsøya og sidan i Øklandsvågen. Asser var gift med Brita Jonsdtr. Thormodsæter og fekk 12 born med henne.

Som tidlegare nemnt, fekk ikkje Ole Mølstre og Sara Fuglestad arvingar. Seinare gjekk det slik til at då eigedommen deira vart seld i 1895, så var det til eldste dottera til Asser Svendsen. Ingeborg heitte ho – etter bestemor si – og var  gift med Berge Olsen Meling. Det vart altså ein Fuglestad-ætling som overtok handelsstaden i Sønstabøvågen likevel.

Etter Ingeborg, og broren Severin, som også busette seg i Sønstabøvågen, har tre nye ættleder kome til her.

Syskenborna Sara og Asser har fått mange etterkomarar på Bømlo, berre på Sønstabø og Nordtun finst det i dag ætlingar etter Hans og Siri Fuglestad i 17 hus.

Kjelder: Bømlo bygdebok, Gards- og ættesoga for Ogna, kyrkjebøker for Finnås, Folketeljingar 1855-1900

tm 12.02.95

Loading