Kysttelegrafen

 

Frå klaffetelegraf til smartphone

Når me hentar PC’en opp or lomma, kan me vera vitne til koss politiske revolusjonar og folkelege opprør vert organiserte via Internett og SMS. Så kjapp og effektiv kommunikasjon! Kontrasten er stor til sendemannen som for meir enn to tusen år sidan sprang seg i hel frå Marathon til Athen med si tekstmelding, om militær siger over persarane. Han fekk sitt minnesmerke for ettertida, men kva med klaffetelegrafen, er det nokon som minnest han? Og no er ikkje tidsreisa lengre enn to hundre år, og attpåtil gjeld det vår heimlege strand. Lat oss spandera eit par spalter på vårt første teknologiske kommunikasjonsmiddel etter eld- og røyksignalet, den optiske telegrafen anno 1808.

Også i dette høvet gjeld det krigshendingar. Me må visst forsona oss med at det støtt er militær virilitet som avlar ny teknologi. Krigen det handlar om, fekk namn etter Napoleon og fienden vår var engelskmannen. Her var ikkje mange massemedium den gongen som kunne formidla slike dramatiske nyhende, men i Bergen melde ei avis i september 1807 at England hadde erklært krig mot Danmark/Norge og at alle engelskmenn no var å rekna som statens fiendar; me vart oppmoda om å gripa til våpen mot “disse Voldsmænd”, og skyta mot alle engelske skip “hvor de lade sig see”.

Fienden var definert, no var det å bu seg på at han vart å sjå vest i havet. Handelsblokade, kaperfart og landgang med herjing og plyndring var kva folket på kysten hadde å frykta. Men korleis forsvara seg mot ein fiende som alt før krigsutbrotet hadde kapra heile marineflåten vår? Og korleis varsla og mobilisera til kamp når den overlegne fienden viste seg? Tre forsvarstiltak vart omgåande sette i verk: å byggja små, lettrodde kanonbåtar, organisera lokale kystvernsavdelingar og setja opp ei signallinje langs kysten. Me skulle få ein moderne optisk telegraf, siste teknologiske trend frå kontinentet.

Signalstenger vart reiste med jamne avstandar langs kysten. Signalmidla bestod først av flagg og vimplar, men dei vart snart bytte ut med ein såkalla telegrafmaskin. Denne bestod av to rær, kvar med tre klaffer opphengde med gangjern. Klaffene, som vart handterte med tau, hadde to signalberande stillingar, opp og ned. I vannrett stilling var klaffene usynlege på linja og såleis utan signalverdi.Dei seks klaffene, med sine tolv stillingar, fekk kvar sin talverdi, og ved summering av dei ulike klaffekombinasjonane, hadde telegrafen kapasitet til over 200 ulike, faste meldingar. Dei nummererte meldingane var å finna i ei signalbok som stasjonen disponerte.

Signalstasjonane var av to kategoriar: hovud- og repetérstasjonar. På hovudstasjonane skulle signalstyraren halda auga med havet og setja opp relevante signal når han observerte fiendtleg aktivitet. Desse stasjonane måtte difor ha utsyn over havet i ein sektor som vart overlappa av neste hovudstasjon. Repetérstasjonane skulle formidla vidare meldingar mellom hovudstasjonane.

Telegraflinja gjekk først frå Christiania til Bergen, seinare vart det også oppretta ei linje frå Stad  til Trondheim. Ei kjelde frå 1808  hevdar at telegrafen kunne formidla ei melding mellom Christiania og Bergen på under tre timar, då hadde ho vore innom 160 stasjonar undervegs. Signalboka gav all nødvendig informasjon om drifta av stasjonen:

 5te Post.
Signal-Bestyrerne skal være paa deres Post fra en halv Time før Solens Opgang til en halv Time efterat Solen er gaaet ned. De bør uafladelig holde Udkik, og saasnart noget sees, som ved Signaler bør eller kan tilkjendegives, da skal de strax signalere samme.

Repeteurerne skal ligeledes være paa deres Post som ovenmeldt, for at repetere Signalerne.

 7de Post.
Saavel Signalbestyrerne som Repeteurerne, skal holde en Dag-Journal, hvori de gjorte og repeterede Signaler indføres, samt Klokkeslættet naar de bleve opgivne eller modtagne, og naar de bleve besvarede af nærmeste Station paa begge Sider. I Tilfælde et Signal blev fejlaktig besvaret, eller paa nogen Station forsinket, saa vil man af disse Journaler kunne erfare, paa hvilken Station samme er skeet.

 9de Post.
Det bliver paa en Signalbestyrers eller Repeteurs Ansvar, om hans Telegraph blæser om, da enhver af dem ere pligtige at paasee at Telegraph-Stangens Forstøtning er i god Stand, med mere, tillige at brase Telegraphen efter Vinden i blæsende Veirligt, naar der ikke signaleres med samme, og i stormende Vejr at nedstryge den, særdeles mod Natten, naar man befrygtede den ej kunde staae.

 13de Post.
Dersom Fienden skulde lande, og det befrygtes, at han kunde bemægtige sig en Signal-Station, da er det den paa Stedet værende Signalbestyrer eller Repeteur paalagt, i sidste Øjeblik at tilintetgjøre Signalmidlerne og bringe Signalbogen i Forvaring, eller ogsaa at tilintetgiøre denne, om Omstændighederne kræve det. Signalbestyreren eller Repeteuren ved en saadan Station maa strax besørge, at der fra begge Naboe-Stationer bliver viist Nr. 93 eller 94, som forkynder hans Stations Tilintetgjørelse paa hele Linien.

 Etter desse instruksjonane, gjev signalboka oversyn over eit fast repertoar med meldingar; det gjeld kva slag skip ein observerer, kurs, avstand frå land osv.:

Naar Telegraphen skal forkynde, da søges det Nummer i Signal-Tabellen, som svarer til det som skal tilkiendegives, og da vises paa Telegraphen den eller de Klapper, ned- eller ophængende, som ifølge Bestemmelsen give Udtydningen;

Til Exempel:
71 :     Den fiendtlige Landgang skeer med over 100 Mand
94 :    I nærheden af denne Station er Tellegraphen tilintetgjort af Fienden.
100 : Et fiendtligt Handelsskib er strandet paa Kysten her i Nærheden. Det     skal  sendes Folk til at bemægtige sig Vraget og Mandskabet.

Ethvert Signal, som gjøres, skal blive vaiende, indtil den nærmeste Station paa begge Sider har rigtig repeteret samme.

I tillegg til at telegrafen kunne melda fiendtleg aktivitet til forsvarsleiinga ved dei respektive festningane, stod hovudstasjonane i tett kommunikasjon med dei lokale kystvernavdelingane, difor hadde også kystvernleiarane telegrafen si signalbok.

I vinterhalvåret, november til april, vart signalstasjonane rigga ned. Mørke, uvêr og norskekysten sin “store Vidløftighed” reduserte faren for at fiendtlege skip gjorde seg gjeldande. Då krigen tok slutt i 1814, vart den optiske telegrafen rigga ned, her var ikkje økonomi til å halda drifta oppe som eit sivilt kommunikasjonsmiddel.

For oss er det naturleg å spørja kva for nytte klaffetelegrafen hadde. Av munnleg tradisjon, synest ingenting å finnast om denne innretninga, og få er også dei litterære skildringane, utanom kva som finst i militære rapportar. Av fleire slike rapportar kan me lesa ut at telegrafen hadde ei nyttig rolle i forsvaret av norskekysten. Eit par meir direkte vitnemål har me også frå telegrafen si samtid. Orlogskaptein Ole Ohlsen i Fredriksvern hevdar allereie etter første signalsesong i 1808: Imidlertid glæde Kystbeboerne sig inderlig over denne gode Bevogtning langs Kysten og vil evig erindre denne Foranstaltning med varm Taknæmlighed, som gjør at de tør opholde sig rolige og trygge i deres Boliger; ogsaa have de den Tillid til Signalerne, at disse afskrække Fienden fra mange onde Foretagender ved Kysterne.” I ein rapport frå krigens siste år skriv han om telegrafen: “Den blev meget benyttet, ja der var sjelden nogen Time på Dagen uden at en eller flere af Hovedstationerne havde noget at telegrafere, så at den hele linie var i uophørlig Virksomhed.”

No er det å seia om desse vurderingane at dei gjerne må lesast i lys av at det var Ohlsen sjølv som hadde oppdraget med å konstruera telegrafmaskinen. Me andre får vel berre konstatera, to hundre år seinare, at det er så som så med kystfolket si “evige erindring” i denne saka. Likevel, den optiske telegrafen representerer eit kapittel i kommunikasjonshistoria vår. På Bømlo, ytst mot havet i Sunnhordland, er ein klaffetelegraf rekonstruert; han har lite fiendtleg aktivitet å melda.

tm11

 

Artikkelen var fyrst publisert i magasinet Salt nr. 1, 2011

 

Loading