Ein strandsitjar

Ein husmann set spor

Torgeir Torgeirson heitte han, fødd i 1825 på garden Vermedal, Tysnes. Han kom til å setja so tydelege spor etter seg i kulturlandskapet ved Sønstabøvågen at han fortener eit kapittel i gardssoga.

I mai 1860 vart Torgeir registrert som tenestesøkjande innflyttar hos handelsmannen på Vorneset, Halvor Johannesen Meling. Kona til kræmaren hadde ei syster, Berta, som Torgeir fekk eit godt auga til, ho var i teneste i Sønstabøvågen. Her var forresten også ein eldre bror til Torgeir i arbeid, Ola heitte han. 

Fredag 17. mai 1861 vart Torgeir og Berta vigde i Bremneskyrkja. Også brudgomen hadde no adresse Sønstabøvågen. Dei nygifte vart  snart å finna i eiga stove. Her fødde Berta seks born. Det første var dødfødt, sidan kom fire gutar og ei jente som alle voks opp.

Om dei hadde hus, så hadde dei ikkje festekontrakt på tufta, som skikken var når husmenn sette seg til. Kanskje fortel det noko om eit nært forhold mellom Berta, Torgeir og husbonden deira. Berta hadde tent i huset til Ole Mølstre i mange år, dessutan var ho brordotter til fyrste kona til handelsmannen. Om dette slektstilhøvet står det meir å lesa her.

Huslyden til Torgeir fekk 25 år i Sønstabøvågen, sjølv døydde han i 1881, 55 år gamal. I 1886 selde Berta huset og drog til USA, 48 år gamal. Slik vert banda deira til Sønstabøvågen brotne, men husfaren let etter seg varige vitnemål om arbeidskraft og dugleik, som me skal sjå nedanfor.

Berta sat naturlegvis i ein vanskeleg situasjon då mannen fall frå, også fordi ho budde på ubygsla grunn. Ole Mølstre gav henne “beboelseskontrakt” for å tryggja framtida hennar “saa længe hun i Enkestand forbliver”. I kontrakten er det nemnt at mannen hennar har dyrka og innhegna fem jordstykke i utmarka til  Mølstre, tre i Litlaneset, og to i Storneset. I Litlaneset er det mange inngjerde, difor startar me lokaliseringsarbeidet i Storneset, for her finst det berre to, og då veit me altså at dei er Torgeir sitt verk. 

Me  treng ikkje studera rydjingsarbeidet lenge før me kan slå fast at me har med ein flink murar å gjera. Skal me finna handverk av tilsvarande kvalitet i Litlaneset, må me heilt vest, til Vestra neset, og her finn me då dei tre siste av jordstykka til Torgeir. At det var i Vestra neset han har dyrka, kan verka rimeleg også ut frå ei anna vurdering. Eg finn det sannsynleg at dei andre inngjerda i litlanesmarka er eldre, slik at dyrkingsarbeid på siste halvdel av 1800-talet måtte skje på meir marginale  utmarksareal. 

Steingjerda til Torgeir har til felles at utsida er jamn og slett. Om dette tek seg fint ut, var det nok viktigare at det hindra husdyra i å ta seg over. Innsida av muren treng dermed ikkje vera like forseggjort. Om han har stor nok stein, nøyer Torgeir seg difor med enkel mur. Finn han store, flate heller, set han dei på ende og feller dei naturleg inn i gjerdet. Han brukar mykje småstein til å “pidna” muren med for å gjera fasaden tett og jamn. På flat mark legg rydjingsmannen opp mur i meters høgd, i tillegg nyttar han naturlege hinder i terrenget, brot og bergknausar til dømes.

Vanlegvis er det laga to portopningar i inngjerda, gjerne med trappetrinn dersom det er nivåforskjell i høve til terrenget utanfor. I Vestra neset vitnar plasseringa av grindahola om at det var nyttig å ha kortast mogleg veg til sjøen når bører skulle til og frå.

Me undrar oss gjerne over at gjerda er så vidt låge, kan dei verkeleg ha freda for husdyr? Då må me ha i mente at på Torgeir si tid, var det ikkje sauer i marka  sommarstid, dei var forviste til øyane. Det var tinglese semje mellom gardbrukarane om at det ikkje skulle gå småfe i utmarka i vekstsesongen. Storfeet den gongen, var slett ikkje så stort og høgbeint som i våre dagar. Me får nok tru at steingjerda dugde til formålet.

I inngjerda var det  gjerne myrlende, så her måtte grøfting til. Leitar me oss fram til myra sitt lågaste utløpspunkt, finn me romslege og solide kisteveiter. Med åra har rett nok utløpa grodd til slik at vatnet er demnt opp, og myra atter har teke seg til rette. Når det vert reinska opp her, strøymer vatnet ut; grøftene  ser framleis ut  til å vera heile, 120 år etter at dei  vart lagde.

Særleg i Vestra neset kan det sjå ut som om det er teke mold or myrane omkring inngjerda. Nord på neset ligg til dømes ei utspadd torvmyr, og topptorva herifrå kan sikkert ha funne vegen opp til dyrkingsstykka. Og so må me tru at rydjingsmannen bar opp tang frå sjøkanten og hadde til gjødsel.

Når det gjeld dateringa av rydjingsarbeidet, så er me i alle høve  innanfor perioden 1861–81. Mest truleg gjekk dyrkinga til Torgeir føre seg på 70-talet, noko eg skal freista grunngje i det fylgjande.

I folketeljinga frå 1865 er Torgeir nemnd som husmann utan jord. Trass i det har han tre sauer. Kor han hentar vinterfôr til desse, og kor han hagar dei, er uvisst. I tillegg til husmannsstatusen, er han snikkar. På 60-talet er det gode tider i vågen, sildefisket er framleis godt, og den driftige handelsmannen  står på høgda av si livsøkt. Det er mykje verksemd i vågen og her er ein stor bygningsmasse som treng vern og vøla. Var Torgeir like dugande når han arbeidde med tre som med stein, var han sikkert ein høgt verdsett arbeidskar hos husbonden sin.

I 70-åra var konjunkturane i endring. Sildeeventyret hadde kulminert, det same hadde flyttestraumen til bygda; no søkjer folk ut for å finna utkoma andre stader, men Torgeir blir verande. Når fisket vart dårlegare, vart det nødvendig å intensivera bruken av jorda for å få endane i hop. Nydyrking  kunne då vera eit aktuelt tiltak. No hadde rett nok ikkje Torgeir jord i 1865, men la oss sjå på situasjonen ti år seinare.

Ved folketeljinga i 1875 er det fleire forhold som har endra seg for Torgeir. For det første, så legg me merke til at han no vert kalla gardbrukar og forpaktar, ikkje lenger husmann. Dette kan tyda på at han no er den faktiske brukaren på garden til Mølstre, der han altså har status som paktar. Og kanskje er ikkje det så underleg, handelsmannen er 75 år og den einaste arvingen hans, Simon, miste livet i 1867, 20 år gammal. Mølstre sette nok tidleg lit til at sonen skulle overta og driva eigedomen vidare. No har han ingen slike utsikter lenger og må finna andre utvegar for framtidig drift når alderdommen melder seg. Kanskje var Torgeir tiltenkt å få overta bruket med tida? I alle høve kan nok paktarrolla ha motivert han til å investera arbeid på garden, om ikkje dyrkingsarbeidet og bruksretten til jordstykka var ein del av paktarvilkåra då.

For det andre: I staden for dyrehald driv Torgeir no åkerbruk for eige hushald. Utsæden hans i 75 er 1/8 tønne bygg, 1/4 havre og 1 1/2 poteter. (1/8 tønne tilsvarer ei  skjeppe, ca 17 liter.) Og åkrane hadde han nok i utmarksgjerda. Paktaren har etter utsæden å døma like mykje åker som hovudbruket. Når det gjeld kornareal, tilseier utsæden om lag eitt mål åker. Ikkje alt arealet i inngjerda var eigna til åker, så ein har nok også henta heim høy frå utmarka. Det var åtte kyr og sju sauer på bruket hausten 1875.

Som nemnt hadde Berta og Torgeir fem born: Tobias (f 1864), Peder (-66), Benedine, til dagleg kalla Dina (-68), Edvard (-70) og Gustav (-75). Alle borna vart med over til Amerika, Tobias og Dina vart gifte med utvandrarar frå heimbygda, eit syskenpar frå Helvik. Berta døydde i 1923, ho budde då hos dottera i Chicago. 

Om ættebakgrunnen til Torgeir kan me lesa i Tysnes gards- og ættesoge, bd 2 s 348: Torgeir og Ola (1822–80) var søner av Torgeir Ingebrigtsson Vermedal (1787–1855) og Brita Olsdtr. Uggdal (1781–1861). Syskenflokken talde seks, fem voks opp, Torgeir den yngste. Odelsguten, Ingebrigt, tok over bruket, Pådlana, etter faren.

Garden Vermedal ligg om lag midtvegs mellom Onarheim og Uggdal, frå gamalt omtala som fjellgard (105 m o h). Garden fekk bygdeveg frå vest i 1896. Vermedal har mykje skog, men jorda er skrinn og brattlend. Før vegutløysinga hadde folket lang og tung sjoareveg, noko som gjorde det vanskeleg å frakta ut tømmer og ved for sal. Dette medførte at bøndene utvikla sterke handverkstradisjonar knytte til skogsvyrke. Handverksprodukt var lettare å transportera enn tømmer. At Torgeir og Ola skreiv seg som snikkar og dreiar, som faren, er såleis rimeleg.

Vermedal hadde, som gardar flest, stor folkevekst utetter 1800-talet. Frå 1835 til 1865 auka folketalet frå 17 til 30. I 1891 var talet 23, noko som vitnar om utflytting. Våre to vermedølar representerer nok denne utviklinga.

Kjelder: 
Bømlo bygdebok bd 1
Tysnes gards- og ættesoge bd 2
Kyrkjebøker for Finnås og Tysnes
Folketeljingar 1865, -75 og -91
myheritage.com

tm1995, rev. 2019

Loading