Stornesvarden

Napoleon, Terje Vigen og Stornesvarden

Kjem du landevegen til Sønstabø, legg du gjerne merke til ein kubeforma steinvarde på ein bergknaus i utmarka, mot sørvest. Det er Stornesvarden, ein gammal losvarde, vert det sagt, kor gammal veit ingen. At fordums losar sat her og vakta havet, kan nok so vera, men varden har også ei anna soga å fortelja. I denne er det at Terje Vigen tek plass, og Napoleon.

Me dreg til året 1807 og helsar den franske keisaren. Napoleon vil ha heile Europa i eiga, eit ønske som har gjort han til den fremste krigsarrangøren i samtida. Langt på veg er han i ferd med å nå målet sitt, siger etter siger ber han heim frå frontane på kontinentet. Men England, korleis skal han få England i kne? Han set seg føre å blokkera øyriket sine handelsvegar til fastlandet. Problemet er berre at han får ikkje sperringa tett; eitt  hòl finst på nordflanken: dei nordiske landa står utanfor konflikten og held seg nøytrale.

England, på si side, fryktar at det berre er eit tidsspørsmål før Napoleon skaffar seg kontroll også over Danmark/Noreg, og at den store og moderne danske krigsflåten soleis vert sett inn for å gjera blokaden effektiv også i nord. I august går difor den britiske marinen til aksjon i København og legg beslag på heile den danske flåten, og tilbyr samstundes danskekongen allianse mot Napoleon – eller krig. Flåteranet verkar altfor provoserande til at dette frieriet kan føra fram, og dermed kjem Danmark/Noreg i krig med England.

Claude Chappe heitte ein annan franskmann. I sitt kloster putla han med den gamle tanken om korleis raskt kunna senda meldingar over lange avstandar. Kanskje tenkte han på sendemannen som i si tid sprang seg i hel då han skulle bera bod til Athen om sigeren ved Marathon. For Chappe vart det meir enn ein tanke, han vart den første telegrafingeniøren i moderne tid, om me kan bruka den nemninga om 1790-talet. Han utvikla eit optisk signalsystem, og under napoleonskrigane fekk han bygt den første “telegraf”-linja, mellom byane Lille og Paris. På høgdedrag med 8-16 kilometers avstand  vart det sett opp tårn med ei signalmast i toppen. Til masta var festa ei rå med klaffer. Ved hjelp av ulike kombinasjonar av klaffer og vinklar på råa (- jfr semaforalfabetet), kunne ein formidla språklege meldingar signaltårna imellom. Den første linja hadde 20 mellomstasjonar. Det er ved eitt høve fortalt at keisaren på 15 minuttar fekk sendt eitt av sine sigersrop over ein distanse på 900 km med dette systemet.

Den optiske telegrafen vart på kort tid teken i bruk mange stader i Europa. Rivalar til Chappe stal opphavsretten til oppfinninga hans, noko som førde den ulukkelege ingeniøren inn i djup depresjon; han gjorde ende på seg i ein brønn.

Saa lakked og led det til Krigens Aar
i attenhundred og ni.
Endnu gaar Sagn om de Trængsels-Kaar,
som Folket da stedtes i.
Engelske Krydsere stængte hver Havn,
i Landet var Misvækst og Nød,
den fattige sulted, den rige led Savn,
to kraftige Arme var ingen til Gavn,
for Døren stod Sot og Død.

Krigen med England vart katastrofal for landet vårt. Me hadde bak oss gode år med aukande inntekter frå skipsfart og tømmerhandel, særleg med England. No vart denne handelen umogleg. Norske skip som sommaren 1807 kryssa Nordsjøen med last til England og kontinentet, vart tekne av fienden og kom ikkje tilbake; mannskapa hamna i fangenskap. Mange nordmenn sat i prisonen under heile den sjuårige krigen. Sørover hadde me også viktige ærend: folket trong årlege tilførsler av korn frå Danmark, dessutan sat regjeringa vår i København. Det økonomiske livet gjekk i stå, og dei private og offentlege inntektskjeldene tørka inn. Det vart skort på det meste av handelsvarer, og snart melde hungersnauda seg. Mangelen på korn vart etter kvart desperat, alle rapportar frå bygdene enda opp i eit rop etter matkorn. I 1808, til dømes, sender soknepresten i Finnås bod til amtmannen med bøn om å skaffa hjelp til nokre familiar i bygda som han fryktar kjem til å svelta i hel. Vågale utvegar vart freista for å bøta på matløysa; me hugsar nok han som rodde over havet i open båt:

Den mindste Skægte der var at faa,
blev valgt til hans Skagens-Fart.
Sejl og Mast lod han hjemme staa, –
slig tyktes han bedst bevart.

Saa gav han sig trøstig Lykken ivold
og tog til Aarerne hvast.
og hented sin dyre Last.
Gud véd hans Føring var ikke stor:
tre Tønder Byg, det var alt;
men Terje kom fra en fattig Jord, –
nu havde han Livsens Frelse ombord;
det var Hustru og Barn det gjaldt.

Frå Sunnhordland var det òg dei som tok sjansen på å henta korn på eigen kjøl. Våren 1813 siglde nokre karar frå Fjelberg sørover, vel vitande om risikoen dei tok. Det dristige toktet vart tilrådd av styresmaktene – da Maaden og Midlerne ikke kan være for mange til at se Landet i denne Tid forsynet med Kornvarer, om det endog saa er et noksaa lidet Kvantum. Også denne ferda hadde kurs for Fladstrand (Fredrikshavn). Utfallet vart ikkje stort likare enn for Terje Vigen; rett nok kom mennene heim, men heile lasta på 120 tønner bygg fall i engelskmannen sine hender straks skuta hadde lagt frå land i Danmark.

 Lykken er med den engelske Mand,
paa Rov mellem Norges Skær.

Krigen kom folket nær inn på livet også ved at fiendtlege skip tok seg inn til kysten, gjerne under falsk flagg. Skipsfolka plyndra og herja både på sjø og land og gjorde livet endå vanskelegare for folket ved havet. I ein lensmannsrapport frå Hernar, datert 30. juli 1808, “om Aftenen Kl. 9 Slet”, kan me lesa følgjande:

I dette Øieblik beretter Endre Hennø, at 2 engelske Slupper med Folk er komne iland paa Hennø, og har skudt 6 Skud med Kugler efter dem, da de reiste. 

En Bomseils-Jægt, tilhørende Hennø Fiskevær, kom ballastet seilende fra Bergen paa samme Tid, da Fregatten stod ret Vest ud for Øen. Saasnart de blev Jægten var, udsatte de strax tvende Fartøier, bemandet hver med 20 à 30 Mand og bemægtigede sig strax Jægten med 3 Mand og bugserte samme til Fiskeværet, hvor de lod sætte Vagter for alle Døre samt omkring paa de høieste Steder paa Øen. De opbrak alle Laase eller oplukkede dem med de fundne Nøgler og bortrøvede efter den derværende Gjæstgivers eget Opgivende 8 à 10 Tønder Korn, 6 à 8 Tønder Malt, nogle Tønder Mel, nogle Tønder Tran, en hel Del Fisk, mange Tønder Sild, mange Garn, 1 Tønde Brændevin m. m. Overalt i Huset har de faret afsted som Voldsmænd, Kornet var kastet omkring overalt, mange Tønder Sild var opslagne, noget deraf kastet paa Søen. I Dagligstuen havde de opspist 5 Melkekoller og lagt en Bibel tilligemed en anden Bog op i den ene, og i nogle andre Melkefade havde de rodet med Fingrene, men ikke spist. Hos en Husmand havde de taget nogle Tiner og andet smaat.

Frå Austevoll er det fortalt om ei liknande hending: ein engelsk landgang på Hevrøy, medan øyfolket rodde i panikk innover til Tysnes med dei eignelutane dei fekk raska med seg i farten. Berre eit par mann vart att på øya, dei gøymde seg i høystålet og kom på det viset klar fienden.

Som om plagene ikkje var mange nok, so allierte òg vinterkulden seg med fienden. Krigsåra vart i ettertida hugsa også på grunn av dei lange og kalde isvintrane, som gav avlingssvikt og fôrknipa. Det eine uåret følgde det andre. Særleg ille var situasjonen i 1812. Dette året fekk ein ikkje kornet moge, og potethausten gjekk nærmast til inkjes. Frå Austlandet vart det rapportert om snø og frost både i juli og august. Amtmannen i Bergen skriv 26. september:

Efter flere Ugers vedvarende Regn som overalt nedslog Agrene, og en for denne Aarets Tid usedvanlig sterk Kulde, ja indtil Frost, indtraf der i begyndelsen av denne Uge nordlige og nordvestlige Vinde som medbragte svære Haglbyger, og Natten til avvigte Onsdag faldt en Sne som knækket alt saavel paa Fjeld som i Dalene. Siden har Nattefrosten endog indfundet sig.

Mange segner vitnar om korleis kysten var islagd desse krigsvintrane. På Hardangerfjorden frakta dei store tømmerlass på isen heilt ut til Varaldsøy. Frå Osterfjorden og Fana tok folk seg ut til Bakkasundet med hest og slede for å delta i sildefisket der ute. Sildefisket tok seg forresten opp desse åra, og vart ei trøyst i all nauda, om ikkje so feit. Korleis skulle ein berga silda når her ikkje var råd å få fatt i salt? I 1813 kosta ei tønne salt 100 riksdalar, om ho i det heile kunne skaffast.

Da var det som Ordet frøs paa hans Mund;
han stirred, han tog ikke Fejl, –
gennem Skodden, som letted i samme Stund,
han saa en Korvet i Hesnæs-Sund
at duve for bakkede Sejl.

Teikning: Christian Krohg, 1892

For å møta trusselen frå havet, vart det utetter hausten 1807 organisert eit heimevern, det sokalla kystvernet. Alle våpenføre menn i kystbygdene skulle mobiliserast straks det var fare for fiendtleg overfall. Kystvernet var organisert i divisjonar, som vidare var inndelte i seksjonar og avdelingar. Sunnhordland utgjorde ein divisjon. Her var seks seksjonar med til saman tolv avdelingar. Leiar for divisjonen var Helle Juel Erdmann i Mosterhamn, ein mann med lang militær røynsle. I tredje seksjon finn me “anfører” Erik Eriksen, ein nittenårig son til gjestgjevaren i Sønstabøvågen. Han er ansvarleg for området mellom Gilje og Goddo. I 1814 disponerte avdelinga hans 63 gevær og 55 spyd og synest soleis å ha vore den største i divisjonen.

I byrjinga var det smått med våpen tilgjengeleg for kystvernet. Styresmaktene rådde til at ein i mangel av våpen, fann  fram det ein måtte ha av høvelege reiskapar. Ein ljå kunne tena som sabel, eller som spyd om han vart festa til ein  staur. Det var få “Skydegevær” å finna på bygda. Dei som fanst, var gjerne av ulik kaliber slik at det vart vanskeleg å skaffa kuler som passa; dessutan mangla ein krut. Somme børser var i so vesal stand at ein måtte “klikka” fleire gonger før skotet gjekk av. Seinare fekk avdelingane år om anna tilført gevær og pikar (spydoddar) frå festninga i Bergen.

Distriktskommandoen instruerte mannskapa om korleis dei skulle gå fram i konfrontasjon med fienden:

To og to Mand kaldes en Rode, og understøtte hinanden saaledes, at i Almindelighed een altid har ladt, naar den anden skyder. Roderne maae være saa langt fra hverandre, at Mandskabet ugeneret kan bruge deres Skudgevær; Distansen til 5 a 10 Skridt imellem Roderne. Alt Mandskab, som er bevæbnet med Piquer eller lignende Vaaben, maae fægte sluttet, vænnes til saaledes at løbe raskt frem til Angreb,..

Kvar søndag etter gudstenesta skulle kystvernet ha eit par timars øving på faste plassar. Etter lokal tradisjon hadde avdelinga til Eriksen eksersisplass på eit høgdedrag  i utmarka på Sønstabø,  Kjøl. I bygdeboka fortel Simon Steinsbø om ein mann frå Sjøvoll, Endre Larsson, som låg vestpå og fiska. Han vart teken om bord i eit engelsk skip, bunden fast og sett til å losa: Det var om hausten og kornet stod på staur. Kapteinen såg kornstaurane  inne på landet i kikkerten, og spurde kva det var for noko. Endre svara at det var kystvernet som var ute og ekserte. Om kapteinen let seg skræma av dette, veit me ikkje, men han siglde vidare nordover.

Kystvernmannskapa skulle heidrast med privilegert plass i kyrkja, og dessutan fekk dei bera ei raud og kvit sløyfa i hatten. Men so måtte dei òg skikka seg vel. Dersom eit kystvern, for eksempel, drakk seg full i tenesta, vart det inntil 15 dagar på vatn og brød. Om han – under Drukkenskabet, skulde begaae andre og flere Forbrydelser, da skal hans beskjenkede Tilstand … være ham til skarpere Straf.

Kor det vert av Stornesvarden? Jo, no er det å fortelja, at eit anna viktig forsvarstiltak vart sett i verk. Ein bygde den sokalla kysttelegrafen for å varsla åtak frå havet. På gode utsiktspunkt ved leia vart det med jamne mellomrom sett opp signalstenger for flaggsignalering. Seinare, frå 1809, utstyrte ein stengene med sokalla klaffetelegrafar, ein forenkla og meir vêrfør variant av den franske chappetelegrafen.

Langs kysten av Bømmeløya hadde kysttelegrafen tre hovudstasjonar: Espevær, Sønstabøvåg (Stornesvarden) og Brandasund. Frå desse tre vaktpostane kunne ein kontrollera heile kystlinja langs øya. På grunn av den lange avstanden mellom postane, vart det bygt repetérstasjonar mellom hovudstasjonane. Signala frå Stornesvarden gjekk til Hiskjo og Nese.

Telegrafen hadde ei ca ni meter høg mast med to faste rær, som kvar hadde tre klaffer. Klaffene hadde kvar sine nummer, og ved summering av desse, fekk ein mange talverdiar alt etter om klaffene vende opp eller ned. Signalboka gav oversyn over dei ulike meldingane sine talkodar.Instruktion: Naar Telegraphen skal forkynde, da søges det Nummer i Signal-Tabellen, som svarer til det som skal tilkiendegives, og da vises paa Telegraphen den eller de Klapper, ned- eller ophængende, som ifølge Bestemmelsen give Udtydningen; Til Exempel:

45 : Signalet kommer fra Hovedstationen Syndstabevogen.
71 : Den fiendtlige Landgang skeer med over 100 Mand.
94 : I nærheden af denne Station er Tellegraphen tilintetgjort af Fienden.
100 : Et fiendtligt Handelsskib er strandet paa Kysten her i Nærheden.                                                                                      Det skal sendes Folk til at bemægtige sig Vraget og Mandskabet.

Ethvert Signal, som gjøres, skal blive vaiende, indtil den nærmeste Station paa begge Sider har rigtig repeteret samme.

Snart fekk telegrafen ein viktig funksjon i forsvaret av kysten. Stasjonane låg utsett til ytst ved leia, og vart ofte mål for fiendtlege aksjonar. 16. mai 1808 kom soleis den engelske fregatten Tartar, under hollandsk flagg, inn Korsfjorden med ein besetning på 300 mann. Skipet skulle til Bergen for å kapra i ein hollendar som låg ved kai i byen. Undervegs var dei oppom Kleppholmen og raserte signalstasjonen der. Same lagnaden fekk stasjonen på sørsida av fjorden eit par månader seinare. Fienden oppførte seg “efter sædvanlig Røverfaçon”: reiv ned telegrafen og vakthytta, og skaut ei ku.

Telegrafstasjonane hadde vakt natt og dag i den lyse årstida. Vaktmannskapa fekk avløysing etter 24 timar.  Det kunne vera harde økter operatørane hadde, heile tida, i all slags vêr, måtte dei halda nøye utkikk etter skip og signal frå andre stasjonar. Etter kvart som linja vart utbygd over store delar av kysten i Sør-Noreg, kunne trafikken i periodar vera stor. Det var knapt ein time på dagen utan at telegrafen var verksam, hevda konstruktøren, kaptein Ohlsen, i ein rapport frå 1813. Det var helst skipsførarar og losar som vart sette til å styra stasjonane, då dei «– have et tilvandt og skarptskjønnende Øjekast.» Som medhjelparar fekk dei mannskapar frå kystvernet.

Når fare var på ferde, og kystvernmannskapa skulle samlast, gjekk det mobiliseringssignal ved hjelp av  tromma eller horn. Andreas Næss fortel :

12. september 1810 kom en engelsk fregat utenfor signalstationen Sønstabøvåg. Den utsendte to barkasser, hvorav den ene la ind til en holme for at ta nogen sauer, mens den andre snappet en fisker som lå ute i båten sin. De frittet ham efter hvor mange mand der var på stationen; han svarte at når trommen gik, var det mindst 60. I det samme hørtes trommen, og de trak sig nu utover; først ved de yterste skjær fik fiskeren gå i båten og slippe løs.

Vinteren var ei fredelegare tid; mørke og uvêr heldt då framande skip borte frå norskekysten, med sin “vidløftige beskaffenhet”og telegrafen kunne som regel riggast ned.

Ifald et Kystværn skulde vægre sig ved at fuldføre hvad som ham i Tjenesten af sine Foresatte bliver befalet, saa skal han straffes med Fængsel paa Vand og Brød, eller i høiere Grad  med Fæstnings-Arbejde.

Frå høgare offisershald kjem det frå tid til anna klager på kystvernet for manglande kampmoral. Ved fleire høve er det fortalt om divisjons- og seksjonssjefar som har bede mannskapa om å halda seg heime for ikkje å provosera fienden unødig; overmakta var so stor, meinte dei, at det ikkje var tilrådeleg å gjera motstand. Erdmann er ikkje høg i hatten når han i 1810 rapporterer til sin overordna:

Den 25de September indløb Rapport til mig fra Sektionschef Eriksen, at tvende fiendtlige Barkasser havde udtaget en norsk Galeas af Bekkervigs Havn. Jeg reiste da strax til Brandesund, som ligger 3 1/2 Mil fra mit Hjem, og ankom dertil Kl. 5 om Eftermiddagen. Ved Ankomsten til Brandesund forefandtes samlet Sektionscheferne Irgens, Eriksen og Klokker Simonsen foruden endel Underofficierer og Kystværnmandskab, ialt omtrent 150 Mand. Ungefær en halv Mil fra Brandesund saaes det omhandlede Galeasskib og tvende Barkasser drive for en svag VSV-lig Vind for at krydse ut af Fjorden. — Da jeg saa, at Galeasen og Barkasserne ikke avancerede noget, da Vinden var næsten stille, spurgte jeg Sektionschef Irgens, hvorfor han ikke allerede havde kommanderet sin Sektion at gaa i Baade forat gjøre Forsøg om muligt at tage Galeasen fra Fienden igjen, hvortil  Irgens svarede, at Folkene neppe vilde gaa i Baadene.

Divisjonssjefen stilte seg då opp på bryggja og kommanderte med all sin autoritet mannskapa til å gå i båt – her var 30–40 småbåtar disponible – ro ut mot galeasen og freista å avskrekka fienden til å overgje skipet. Han fekk til svar at ingen ville setja livet til for å berga ein galeas. Erdmann forsikra folket om at det ikkje var meininga at dei skulle innlata seg på “Fægtning” på sjøen; løyste fienden skot, skulle ein straks ro til lands. Appellen var til fånyttes, ingen ville løysa fest. Eriksen vart då send opp på Brandasundssåta for å beordra dei som der var samla, til å ta aksjon. Responsen var likeeins her som nede ved hamna. Det hjelpte ikkje kor mykje Erdmann viste til reglement og straffansvar, – Underofficier Helland svarede bestemt, at det aldeles ikke skulde ske, at nogen af dem gik i Baad mod Engelskmændene, enten jeg saa befalede det eller ikke. Det bemærkes, at Sektionschef, Klokker Simonsen, med sine underhavende Kystværn efter Ordre begav sig i Baad og var færdig at ro ud mod Fienden, men de var altfor faa til at kunne udrette noget alene.

Episoden i Brandasundet fekk rettslege følgjer: mannskapa fekk straffer frå tre års festningsarbeid til to dalar i mulkt.

Saa kom attenhundred og fjorten med Fred;
de norske Fanger, og Terje med,
førtes hjem paa en svensk Fregat.

Krigen tok slutt, og framande segl i horisonten skapte ikkje lenger frykt hos folket; kystvernet vart permittert, og telegrafen tagna. I Europa vart slagmarkene rydda og nye landegrenser røysa opp. Og Storbritannia var heilt og fritt som før.

Keisar Napoleon møtte sin overmann på St. Helena i 1821, Terje Vigen fekk si kvila under ville blomar ved Fjære kyrkje; men Stornesvarden står enno trufast på sin post, ansiktet – med sitt lavgråe skjegg – alltid vaktande vendt mot vest.

Kjelder:
H Ibsen: Terje Vigen, 1862
N A Larsen: Fra krigens tid, Chra 1878
H Angell: Syv-aars-krigen for 17. mai 1807-14, Kra 1914
A Næss: Kystvernet i Søndhordland under krigen 1807-14, Sunnh. årbok  1914
L Kiærland: Efterretnings- og meldetjeneste i gamle dager, Norsk Militært                                                     Tidsskrift 1932
H Nilsen: Ei ferd frå Sunnhordland til Danmark …, Sunnh. årbok 1956
S Steinsbø: Bømlo bygdebok bd 1, 1973
Austevoll kultursoge 1, 1986
Risør museum og Norsk Telemuseum: Den Optiske Telegraf, 1995
Ymse dokumentasjon frå Statsarkivet i Bergen
Leksikon

tm95

Publisert i Bømlo-nytt 1. desember 1995

Les meir her

Loading